Produkter

Fluktåpning dobbel, 60/80mm

Produktnr. 51253-0

 

I teiner som er sett ut for fangst av krabbar, frå svenskegrensen til og med Tysfjorden i Nordland, skal det vere minst to sirkelforma fluktopningar - éin på kvar side av reiskapen. Diameter på opninga skal vere minst 80 millimeter.

For teiner som er sette ut til å fange fisk er det ikkje krav til fluktopningar og rømningshol. Men dersom teinene vert sette slik at dei truleg ikkje berre fangar fisk, men også krabbe eller hummar, skal teinene likevel ha fluktopning og rømningshol.

Kravet om fluktopningar gjeld likevel ikkje for mannstallsførte fiskarar som fangstar krabbe for omsetjing med merkeregistrert fartøy i Trøndelag og Nordland. Unntaket gjeld ikkje i statistikkområde 00-38 (tidlegare Tysfjord kommune).

Fluktopningane skal vere plasserte i fangstkammeret på ein slik måte at individet lett kan ta seg ut av reiskapen. I teiner med plan botn skal opningane plasserast heilt nede ved reiskapsbotnen. I teiner med sylinderform (tønneform) skal opningane vere heilt nede ved reiskapsbotnen, men ikkje lenger nede enn at det blir fri passasje gjennom opningane når reiskapen står ute for fangst.

I tillegg til minst to fluktopningar skal det vere minst eit rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd. Tråden skal virke slik, at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ.